Posts by Oddvar

Eg prøve å lukke mine auge
Å vere heilt inne ei stund
Så tømme ut tankane or haue
Eg skulle ikkje ha meg noko blund

Berre sitte der heilt stille
Ikkje tenke på da slag
Møte dagen med nyvaska brille
Etter å ha tørka dogga av

Og så sleppe det innpå
Inntrykk – eit og eit
Men stenge av lenge før
Eg vert stappande mett

Så kan eg fundere
På det som eg då har fått
Og kanskje vil eg konkludere
Det er mykje godt i det som er smått

22.03.17.