Archive for the ‘Uncategorized’ Category

Å fylle tomme butikklokale med måleri er eit prosjekt Marit Lillestøl har hatt i mange år. Denne gongen blir utstillinga på Snippa i Volda, der Jarn og Farge tidlegare heldt til. No skal 40 måleri inn i lokalet.

Her samarbeider ho også med nynorskskribenten Oddvar Etnestad frå Førde, som skriv dikt både med underfundig humor og alvorleg undertone. På opninga vil han lese nokre av dikta sine, og publikum vil og finne dikt plassert rundt omkring i utstillingslokalet.

Lillestøl, som kjem frå Volda og er busett i Ålesund, har utdanning frå Ålesund kunstfagskole, og har hatt mange separatutstillingar og utsmykkingsoppdrag. I tillegg jobbar ho som lærar på Upa-skulen på Ålesund sjukehus.

På Snippa viser Lillestøl måleri med tydelege motiv frå fjell, fjord og kystlandskap, men også måleri som byr på undring. Andre er laga i filmstripeversjon

Dei tende vardar på toppane
Gjekk tog langs vegane
Og lenka seg fast ved fjorden

Dei kjempa for det dei trudde på
Dei ville redde framtida
Mot tankar frå fortida
Men vil notida høyre på

oe 11.03.19.