Archive for januar 2011

Da e haust, da e kaldt, da e hjortejakta
Eg fryse te pinne og e tørst
Men kan ikkje gå før hjorten e slakta
Og helst so sku eg skote han først

Men etter endå ei natt på post
Med synkande temperatur ned mot nattefrost
Og ei skymring som er gått over i svart
So ser eg heller ikkje noko klart

Eg tykte da knakk i ein turre kvist
Men kan nokon sei meg kva de va
Ja da skulle eg gjerne ha visst
Va da ein hjort, so var det den eg sku ha

Så frå kulde, tørst og venting
Fantasera om skotne hjortar, og henting
So går eg over i ei slags transe
Med rekordhjorten bak på svanse

Og når det lysnar av dag så rykke eg te
Eit fordømmande slit denne jakta e
Alt e vist ved det same
Men kvar enda haust e det dette ”game”

Men neste år så e eg ikkje me
Sjølv om eg misser både heider og ære
Eg vil gå over til hjorte-Afp
Slik at hjorten fri frå meg kan vere.

Eg er tørst
Er er tørr
Eg er varm
Gje meg vatn
Gje meg ein dram
Gje meg væte
Gje meg noko vått
Noko som sprudlar
Noko som er godt.

Nedskrive ein dag i Spania – medan vi venta på, ja nettopp drikke. Tenkte det høvde godt no når alt er så vått…