Archive for mars 2013

Skal du ha deg ei pinglebåre til rusk og lau
Som ikkje rommar meir enn eit vanleg trau
Som ikkje tåler eit trykk frå ein stein
Og vinglar med eit lass – uråd å køyre beint.

Nei eg – eg skal ha ei som tåle stein og betong
Som tåler eit lass og ikkje endrar sin fasong
Nei pinglebåre er ikkje for meg
Da kan heller terassefolka kjøpe seg

At eg har ei pinglebåre heime sa eg ikkje noko om
Men etter dette stod ho stort sett tom
Det er klart at eg brukar ikkje slikt
Eg må ha ei som tåler skikkeleg «vikt»

Så ein mørke kveld etter stengetid
Tok eg med den gamle pinglebåra mi
Til avfallsplass med sluttpensjon
Så vert den vel resirkulert til ein ny funksjon