Archive for januar 2015

Eg møtte meg sjølv i døra
Eg kom verken ut eller inn
Var heller ikkje noko anna alternativ
Så veit ikkje om eg utav dette finn

Litt som å gå på ein spegel
Som du i først trudde var ei dør
Det å møte seg sjølv i heilprofil
Du kvepp – sjølv om du har sett deg før

Ein ser straks etter ei anna løysing
Å kome seg forbi
Forbi det oppsette stengsel
Som ein sjølv står midt oppi

Men berre snu seg vekk ifrå det
Når bilde sit spikra fast
At ein sjølv som står midt i vegen
Og hindrar løysing i si eiga last

Så når eg igjen møter meg sjølv i døra
Vil eg då berre snu og gå ?
Eller vil eg prøve å løyse opp i
Den floken som eg sjølv bere på.

Kan eg få lov å tenke tanken
Å kunne vere ilag med deg
Vere der langt fram i tida
Det å vandre i jamstelte steg

Ikkje ha noko slags pause
Eller finne på noko nytt
Sleppe å starte på botn igjen
Eller kjenne at no e det snart slutt

Eg vil kjenne at livet leve
Eg vil kjenne at eg er på
Og vite at du er der alltid
Ikkje redd for å gli ifrå

Eg vil ikkje lenger bruke
Streng og hard medisin
Det er du som gjev meg livet
Fordi du er medisinen min

Det er ikkje noko eg kan forlange
vere trygg på at det skal skje
Men å håpe må eg kunne gjere
kanskje eg også kan prøve å be

Treng ingen elg i solnedgangen
eller nokon anna stor klisjé
Eg vil berre få leve det livet eg har fått
Endå eit stykke te`

Eg kunne meg heller ynskje
nokre tonar frå ein nystemt gitar
Som kan klinge med til sjølve livet
Knytt opp til det håpet eg har

Det å berre kunne berge livet
Det er vel ikkje berre, berre det
Men no er det det som gjelde
Det e vel berre slik det e.

01.13. – 26.09.13.