Archive for april 2015

No he eg lagt tygginga ut på anbod
Dei seier konkurranse er bra
Få til ei privatpraktiserande ordning
Så eg slepp til tannlegen å dra

For at mine tenner skal ha eineretten
Til alt som ska tyggast sondt
Da he stige voldsomt den prisen
He vorte kostbart å få da te å gå rundt

Men responsen he vore liten
Ærleg sagt heilt lik null
Så at alt kan løysast med konkurranse
Spørs om ikkje berre er tull

Så då lyt eg vel krype te korset
framforhandle ny tariff
samtidig lyt eg bli strenge i kosten
den saka e vel nokså biff

Nete og kjeks må sløyfast
mandlar lyt gå same vei
da må vere mjukt da so skal handterast
stort meir e vel ikkje meire å sei.

25.04.15.