Archive for februar 2019

KJERNEHUSET, GVARV, ONSDAG 20. MARS KL 19.00

Det blir vekselvis dikt og musikk i løpet av kvelden, og gjestene kan berre gle seg til ein opplevelsesrik kveld!

Det vert i tillegg ein triveleg pause med sal av mat, og høve til å kjøpe CD og diktbøker.

150,- i døra kontant/vipps

Alle er hjarteleg velkomne til ein lyrisk konsert på Kjernehuset i Gvarv!
Arrangør er Nes Mållag og Sauherad Frivilligsentral.

Elin Furubotn er ein av Norges mest markante og profilerte visesongar, og skriv norske tekstar og melodiar sjølv, samt spelar gitar og syng. Nordmenn har høyrt eit utal av Elins songar gjennom radiokanaler som NRK P1 og P2.

Elin skildrar gjerne den underfundige kvardagen som treff oss alle i så mange fasettar. Med treffande melodiar og en særeigen stemme serverer ho både humor og alvor for sitt publikum – som sit att med ei særs god oppleving etter Furubotn sine konsertar. Ho har samarbeidd med mange profilerte musikarar, ikkje minst då ho gav ut albumet; “Å nærme seg det nære” med Stavanger Symfoniorkester og på ein av låtane song ho i duett med Morten Abel.

I 2017 ga ho ut sitt forrige album; “Ikkje gå deg vill” og har hatt ein omfattende turne. Ho opptrer for det meste i Norge, men har også turnert i Tyskland med sine norske tekster. I 2013 fekk ho ein internasjonal pris for beste album.

Elin Furubotn liker å samarbeide med forskjellige artister og denne gangen har ho funne tonen med lyrikaren Oddvar Etnestad. Han har skriv underfundig med humor ofte med ein alvors undertone. Dikta har eit brett spekter av kvardagslege hendingar som det er lett å kjenne seg att i. «Oddvar skriv fortreffeleg artig og tankevekkande og er dyktig i si formidling.» Han har hatt 3 utgjevingar i 2011, 2013 og 2016 som er kome ut på eige forlag minedikt.no.