Archive for oktober 2019

Det kjem til meg

Det kjem tett på

og tek tak i meg

Plukkar meg opp

Det vil ha meg med

På nye vandringar

På nye vegar

Vegar eg ikkje har gått før

Aldri  har sett

Eller høyrt om

Bildet tek meg med

Inntil noko nytt

Inntil noko ukjendt

Eg nøler

Skal eg gå inn der

Til det ukjende

Eller vente

Men bilde leikar med meg

Det utfordrar meg

Det finn fram leiken i meg

Det finn fram lengten i meg

Heilt innerst kryp det

Og vil ha meg med ut