Vi var aust om fjellet nokre karar
vi fekk plass på eit stasleg pensjonat
Og før vi skulle køye og sove
Fekk me rikeleg med drikke og mat
Etter å ha ete oss gode og mette
vart me delte på rom 2 & 2 om lag
og han eg skulle dele rom med
var spesialpedagog av fag
På rommet var det to plassar
Ei brei seng med tepper på 1.10
Og oppå veggen hekk ei overkøye
Som ein av oss skulle klatre oppi
Pedagogen var ikkje å rikke
Han skulle ha senga med fire bein
So lempa han meg i øvste køya
For pedagogen – det var ein rørslig ein
Her var ikkje råd å mukke
Sa ikkje god natt ein gong
Var ikkje noko hjelp i å sukke
Heller ikkje høveleg med ein god natt song
So eg snudde meg inn til veggen
Og talde mine sauer opp
Eg trur eg kom tett under tusen
Før eg fekk kvile min trøtte kropp
Men så – utpå natta eg vakna
Eg burde vore ein annan stad
Men utan stige ned til golvet
Ville neppe dette gå særleg bra
Frå senga under kom det lydar
Det var ein jamn og høge dur
Det var spesialpedagogen som snorka
Må ikkje vekje han – for då vert han vel sur
Så trengde og jamne dure
Gjev slett ikkje nattero
Men kva skulle vel eg min trave gjere
Nei det var ikkje råd å vite no
Eg kunne verken krype eller hoppe
Som utan årar frå land i ein båt
Men fann eg ikkje løysing på møya
Ville eg enten gå i lufta eller bli våt
Så med eitt så var eg i lufta
Ein plass mellom himmel og jord
Og då eg bakken trefte
Sa faktisk ikkje spesialpedagogen ein ord
Eg fekk kara meg utav rommet
Veslehuset var mitt siktemål
Så vart eg fri den harde møye
I møte med ei doskål
Det er ein ting ein må lære
Og det må vere nokså klart
Å ligge trengde i ei overkøy utan stige
Er ikkje særleg smart