Karbo og smørmangel

Før va da fiber og grøn diett
Men brått skulle vi ete bacon og mest mogeleg fett
Men då vart hyllene heilt tømde for smør
Så vi måtte satse på hjelp ifrå sør

Heile verda har fått vite at vi er i krise
Det er visst Tine meieri som har ført oss opp i skviset
Snart vert det høyring i stortingskomite
Om smøret som mangla i to null elleve

Så ministrar, statsrådar og tine meieri
De skal jammen alle for dette få svi
De vert nok utstemt, nedlagt, borte og gøymt
Som kunne sove i timen og det viktigaste gløymt

Det er nok ein tabbe at vi ikkje lenger har ho Gro
Då hadde vi sloppe ei slik krise som no
Då var det styring og rett fordeling
Nok av alt grunna perfekt foredling

Det kom brått på vi trudde verda ville gå under
Nei det norske folk tåler ikkje slik plunder
Så viktigaste jobben som no e
Er å få melk i alle rautande fe

For det er ille før jul med på lavkarbodiett
At så mange skal leske seg på dyrbart fett
Slik at andre vert fortvila og er i djupaste krise
Utan rett smør, vil det på småkakene vise

Det er då litt rart at ikkje noken har stroke med
For ei slik krise har ikkje eg vore vitne te
Kan hende nokon er skadd eller ligg medvitslaus
Berre bagatellar i fjor då alt vatnet fraus.

Men, men, me får tru det vert ein lysare vår
At nauda vert sletta og alle smøret sitt får
Så alle kan få den matsamansetninga dei vil ha
Slik at lykka får gro og alle ha det bra

Nokon seier dette er oppblese og berre tull
Andre betalar for smør så det sku vore gull
Ekspertane kranglar om karbo og fett
Medan vi er forvirra og lurer på kva som er rett

Men eg, eg prøver no å ikkje meg umake
Med margarin på brødet og så litt potetekake
Kan kanskje kalle det gla`karbo, heilt utan diett
Får tru eg overleve – og held med nokolunde mett!

På radioen i dag sa dei, du kan`kje berre fiber eller lavkarbo nytte
Nei, dei sa at vi også på kroppen vår regelmessig må flytte
Så då får eg prøve å flytte litt meir på min
Men eg vaktar meg vel, eg meiner ikkje noko om du bør flytte på din!

20.12.11.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *