Etter å ha lurt på det i fleire år
Og grudd meg like lenge
Så kom den i hus no i vår
Ein bunad, kjøpt for penge
Dei sa det kunne klø sånn lite grann
Heilt i starten, men at det fort blei ei vane
Men eg har idag då klødd for tre fire mann
Meir ryse enn sjølv eg kunne ane
Sjølv om eg under sokkane har ei strømpebrok
Klypt av sånn rett over kneet
Så riv det i kvar einaste knok
Under dette feststemte kleet
Og om eg stramma te mine hoseband
So blodet mest slutta å sirkulere
Så sige sokkane ned det beste dei kan
Og vert difor hengande litt for langt nede
Og jakka er varm, men eg bør ikkje ta den av
For eg er nok våt under arma
Og skjorta var ikkje heilt i strykelag
I natt mitt under russe-larma
Kan vi få flytte 17 mai til siste veka i januar
Då ein treng litt varme og ull på kroppen
Så er eg klar for den tradisjonen vi har
Bunad og kanskje litt varm sjokolade i koppen
Så kan konfirmasjonar, bryllaup og barnedåp
Vere eit par veke før påske
Så kan det vere eit ørlite håp
For min bunad med sylje og brosje
Kjære min bunad og heile bunadstand
Vi gjev deg heider og ære
Men med noko atterhald frå eit kløande mann;
Litt kaldt og rusket bør det være.