Kjære Herr Pers I. Ener

Kjære Herr Pers I. Ener
slepp no litt av sola inn
knipe no ikkje heilt igjen dine skjener
Prøv ei lita opning så lyset til meg inn finn

Om berre så ei ørlita gløpe
som kan smyge seg inn på mitt nedblenda kontor
gje meg eit glimt mens eg skrive
lyse litt opp på mine nyskrivne ord

Treng ikkje sleppe inn heile sola
til det har eg vel ikkje plass
men eit glimt vil eg ha – inn på orda
Det gjer meg godt – og det gjer meg glad!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *