Eg og ei tå veirdamene he fått ein slik god konneksjon
Me sjåast nesten kvar kveld – gjennom televisjon
Ho smile så fint er høfleg og helse
ho er klår og fin i målet – og så heiter ho Else
Og medan ho melder godt og lageleg vèr
sit eg og drikk kaffi og ho veit godt at eg er her
For om eg seie eit kvart – kan eg sjå at ho smile
så på vår gode konneksjon – er det ingen grunn til å tvile
Eg set ofte fram ein blomst – og av til ei kake
og eg ordar fram på – om ho ikkje vil smake
Men det e klart ho må melde – og har ikkje tid
til å kome ut or boksen og smake på kaka mi
Men veit du at ein kveld – då kom ho med ring
men på fingeren min – dar va da ingenting
Først vart eg brydde – så vart eg forfære
Kva er det som har skjedd – kvifor veit eg ikkje det here
Eg vart så nedføre – sa beint opp min lisens
eg har no brote med televisjonen på kvar einaste frekvens
Eg skal aldri meir sjå på ei sånn fjernsyns-dame
nei når ho sviktar slik – kan det vere det same!