Den he vorten ei sanne plage
Der den kjem krypande inn i kvar einaste hage
Den ete opp blomar og grønsak forsvinn
Ska tru om vi nokon gong over den vinn
Vi drep den med salt og klypper den i to
Vi lokkar med øl og hiv han i do
Vi kryp langs med graset på dagleg jakt
Klarar vi ikkje med list så brukar vi makt
Med pose i ei hand og klype i den andre
Plukkar han opp så han ikkje får vandre
Alle tiltak vert nytta – frå kjerringråd til gift
For å få den forhatte sneglen ut av drift
Nokre vert fortvila – andre desperate
Medan ein orda frampå om å bruke den til mate
Men om me ikkje vert råka av akutt hungersnau
Trur eg den skal få ligge i fred – såframt den e dau
Eg trur vi ein lærdom av dette bør ta
Å importere inn slikt e slett ikkje bra
Me må samle oss om noko bedre kontroll
Slik at vi kan stoppe slik snegling forbi den norske toll!
Virkelig tatt på kornet.!!
Om du vil delta i jakta og prøve å ta tilbake Norge fra disse brune, sleipe grillpølsene, gå inn her:
http://www.facebook.com/groups/374287832637320/
Lykke til i kampen 🙂