Om Jakob kom te bya i dag

Eg har høyrt så mykje om bya
Har ikkje vore der på 40 år
Så no var det på tide med tura
Eg var dar inne i går

Eg tok bussen som vanleg frå Dale
Den tek nokre minutt over tre kvarter
Og da eg fekk sjå der i byen
Ja da ska du få høyre om her

I frå øvste Halbrendslia
Såg eg hus mest i tusental
Det var bygd kringom alle lier
Og i ein sving der var Rikets sal

På flata som før var store bøar
Med slåttegras og potet
Var det no handel og vandel
Som trekke folk til seg som ein magnet

Og dar dei før slakta kyr og griser
sauer og ein og anna hest
Der var bognande store butikkar
Med tøler og ting for folk flest

Det var rekke med kle og tøle
Og fargar av kvar ein sort
Nei dar kunne da ikkje ve møle
Å få handelen gjort

Dar eg før på Sivertsen kjøpte kaffi
Var det kome ein kasse i massiv betong
På veggen stod det Coop og Mega
Da va eit bygg men i ein merkeleg fasong

Og meieriet midt i sentrum
Det vart også lagt ned
Så på melkebaren på hjørnet
Der fekk koppane stå i fred

Men rundt kvert bidige hjørne
Var det bilar av alle slag
I alle former og fargar
Ja de var litt av ein oppdagelsesdag

Så endeleg fann eg Samvirkelaget
Ein fredeleg plett på jord
Men då eg spurde etter ein botte med myse
Ja då forstod ho dama ikkje eit ord

Dei hadde verken smør eller sirup
Men dei hadde skruar av alle slag
Og tett under taket hekk plakatar
Om kva som var rimeleg i dag

Eg tusla no utatt frå laget
Klokka går – trur snart bussen fèr
Her kunne eg nok handla i fleire dagar
Men det trur eg ikkje at eg gjer

So eg dreg heimatt til freden og kvilda
Høyre gauken som gjele i li
Kjenne seien bite rundt neset
Og ta ei tugge tå nista mi

Sleppe spyrje og forklare byfolk
Som ikkje fostår eit landsens mål
Nei eg vil leve på kobbeskjersholmen
Vekk frå handel med mas og jål

So kan hine få handle ifrå seg
For meg må dei berre varene ta
Stappe posande bognande fulle
Av alt det som eg ikkje vil ha

For Skaparen har gitt meg da beste
20 famner frå land i ein pram
Ilag med med seien eg vil leve og feste
Og kanskje ta med ein ørliten dram

Og når kvelden kjem meg i møte
Skal og leggje meg til fred i mitt bol
Og eg veit med meg sjølv – da e da beste
Eg trivst best i mi heimlege sol!


Ein svært tenkt situasjon; kva om Jakob Sande hadde kome til Førde – 40 år etter! Vart til noko tilfeldig i samband med markering av Jakob 100 år og Førde sitt 10 års jubileum.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *