Nei no set eg foten ned
Eg finn meg ikkje i det lenger
At kleda skal krympe inn te
Berre tå at dei inne i skåpet henge
Det e snart ikkje eit einaste plagg
Som eg kan få på meg utan møye
Så eg hive dette skåpet ut straks
Ska`kje brukast til ei einaste trøye
Ja det er slutt på det her
Eg skal hive ut heile skiten
Men stopp – kanskje det det til nytte kan ver
Å gjere meg bitte litt meir liten
Ja tenk om eg tå skåpet kunne lage meg seng
Slik at eg kunne krympe lite vetta
Så når eg får den søvnen eg treng
Så kunne den bittelitt på kroppen ha retta
Så kan eg om morgonen stå opp
Ørlite strammare enn kvelden føre
Trur det kan vere ei flott løysing det der
Både for kroppen – garderoben og humøret