Ei bøn om glimt av sola.

Kjære Vår Herre om eg ikkje har det så gale
så lyt eg få orde frampå lite grann
Kan nok oppfattast som ei klagetale
men no trur eg vi er godt forsynt med vatn

Eg veit mange millionar he da verre enn meg
så først må du ta deg av dei
Men når du eingong kjem i bunken ned
kan du då sjå litt til meg?

Eg ber så pent om å få nyte di sol
og at skyene dine kan få kvile
Om dei kan halde seg ørlite i ro
så me kan få tørke oss litt – og smile

Kanskje nokon andre trenge skyene meir enn oss
nokon som lir litt av tørke
Dagane kjennest som ein rennande foss
og kveldane er tunge og mørke

Og treng du litt hjelp – så sei ifrå
eg er ganske god til å organisere
Men vonar eg kan jobbe lokalt her eg er nå
for eg trivst ganske godt her nede

Men som sagt – ikkje bråhast – treng ikkje ta da ikveld
men fint om da ikkje dryg for lenge
Eg trur no at det er berre så vidt limingane held
og eg kjenne at det er sol eg trenge!

Med venleg helsing og forventningsfulle takk frå
Oddvar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *