Heilt offline!

Eg når ikkje fram til den øvrige verda,
Eg har no misst all kontakt.
Innlogginga vil ikkje lystre lenger,
det hjelpe verken med bøn eller makt.

Og det er ikkje berre med verda
eg har misst all oversikt
men også over mitt eige liv
har det vorte ein alvorleg svikt

Får når passordet mitt er vekke
og eg heller ikkje har ein godkjend vikar
så har eg ikkje lenger oversikta
over dette livet som eg har

Eg får ikkje sjekke saldo
eller oversikt over min status-situasjon
og all kontakt med mine sosial-elektroniske vener
er no heilt ute av funksjon

Sånn sett kan både stort og lite
gå meg fullstendig hus forbi
medan eg ingenting får vite
her eg lever nesten som i eit hi

Berre ikkje verda vil rase ihope
utan at eg får med meg da slag
Slik at eg vert sittande att her åleine
medan hine vert vekke om lag

Så no endevender alt og leitar
Så eg kan få kontakt med omverda og meg
Men kan eit manglande passord
hindre ein å nå det innerste i seg?

Okt – juni 11/12

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *