G.P.ESS.

søndag, november 25, 2012

Eg hadde gått til anskaffelse av ei fast passasjer
Som skulle fortelje meg kva eg på vegen sku gjer
Ho foralde meg om rette vegval i framtidige kryss
Medan eg køyrde bil og gav henne gratis skyss

Men etter ei stund så gjekk det ikkje so bra
eg trur ho bomma litt på kvar vi egentleg va
vi endå opp ved eit busskur innerst i Sogn
Men var vel egentleg på veg til eit kurs i Skogn

Det starta med at eg ikkje køyrde slik ho sa
Ho tykte nok ikkje det var særleg bra
Så difor prøvde ho nok å ta igjen
Og det hjelpte verken med åtvaringar eller skjenn

Ein gong var vi midtvegs inne i ein tunell
Då dama plutseleg og utan varsel tok kveld
I rundkøyringa etter var eg veldig i tvil
Det enda med ei omkøyring på tre til fire mil

Så hadde vi ei hending midt på Osen bru
Då ho brått skreik til at eg måtte snu
Det e mulig ho ikkje såg det kom ein melkebil imot
Hadde eg svinga ville eg bøtt med livet og fått ei saftige bot

Så stemninga i bilen vart ganske mutt
Vi forstod det begge at det var best det vart slutt
Så det var måndag i sist veke at eg plukka ho ned
Så no lyt eg finne fram vegen i fred

Ho ligg no ute på finn dott no
Så då får eg håpe andre treng nokon som kan glo
Har lagt prisen til høgste bod nett over tusen
Men kan ikkje sei at det salget har gjeve susen

Så no køyrer eg fram på krokut veg
utan at ho er der og kommanderer på meg
Litt rart i starten, men det går seg nok te
Og få nokon erstattar – nei da trur eg lyt ve!

Legg igjen en kommentar