Eg er så trøtt – det er for mykje opp i hove
eg klarar ikkje å finne nattefred
I alle fall så mykje at eg ikkje får sove
og er det noko eg treng – så er det det.
For om dagen for lengst har gått til kvile
og dagsens auga er blitt til natt
Så er det ein liten uroleg kile
som gjer at eg ikkje får auga att
Tanke på tanke vandrar gjennom dagen
som på leit etter noko som eg sku grunde på
Det er det som er møya og held meg vaken
så blund på auga det vil eg visst ikkje få
Eg snur meg rundt – kanskje telt nokre saue
men da gjev vel heller ikkje nattero
Kanskje eg skulle hatt ein nedvask i haue
da bør vurderast – sidan eg er så vaken som no
Ja spylt da ut – kvar einaste tanke
vaska da ned og gjort da reint
Slik at veggane i haue vart speglande blanke
men kan vel ikkje starte no – da er vel for seint
Så eg pustar roleg og legg hove ned
og prøver å ikkje tenke ein einaste tanke
Så tryglar eg pent om nattefred
og håpar at ingen på det vil anke..!