Fjordkryssframtida.

fredag, mars 15, 2013

No er ferjene snart ute av tida
Vi skal kome oss ferjelaus til den andre sida
Det er bru og tunellar som er svaret
For dette bør alle vere klare

Lengst i sør heiter sambandet Ryfast
Og litt nord for det heiter det Hofast
Ingen har endå høyrt noko om Hanfast
Men rykte går flittig om Ifast

Nord om grensa vil mange ha Hafast
Andre meiner at ein heller skal satse på Hefast
Felles for dei begge er at dei vil det skal skje snart
Det at egentleg alle skal ha landfast

Så snart kjem Møfast og Bøfast og Løfast
For ikkje å snakke om Arafast og Brøfast
No på vinter kunne eit samband heite Strøfast
Og ein fjellovergang med bom heite Snøfast

Kanskje Anda Lote blir til Alfast
Eller vert det Innvik og Stryn – då vert det Isfast
So vert ferjene liggande med nullast
Og svelene som ligg att – må berre kastast

15.03.13.

Legg igjen en kommentar