Ei linje skulle byggast frå sør til nord
Og på kvar linja skulle gå – brukte ein titusenvis av ord
Kva omsyn skulle ein ta for val av trasè
Kva skulle stå – og kva som måtte ned
Noken ivriga veldig for å få linja på plass
Dei meinte det gjekk for seint – her må ein gje gass
Dei reiste til Oslo i ein delegasjon
Å få linja på plass, var deira misjon
So kom det på bordet ein vald trase
Det fekk konsekvensar for både folk og fe
Dette var best sjølv om nokon måtte flytte vekk
Men da va so da sko ve – vi trudde da va so da gjekk
Men heilt til slutt – det var nærmast på plass
So var det ein minister som gav ekstra gass
Han flytta linja langt vekk ifrå
Dei som va i Oslo – og på parti med han òg
Det at linja skal gå gjennom ein verna skog
Der dei som eig der ikkje kan bruke ein plog
Nei det var slett ikkje noko problem
Så lenge ein tok omsyn til det statlege system
Det er vel slik når det er makta som skal rå
Dei seier at då kan det meste gå
Så lenge dei rette får bestemme og seie sitt
Så kjeme eg vel ikkje så langt med mitt.
For linja var so viktig for det norske miljø
Så ikkje noko problem at naturen skulle blø
Vi må tåle noko innhogg i den norske natur
Det måtte vi forstå – no var det miljøet sin tur
Ja det skal visst vere overordna over alt og alle
Då var det ikkje noko problem at gamal urskog skal falle
Ein kan då verne andre tre og kjøpe kvote ein annan plass
Slik at straumen kan flyte fritt i lag med den heilage norske gass