Eg la paraplyen att på kontoret
For det var så lyst og pent
Men då eg forstod at eg hadde bomma
Var det egentleg for seint
Eg var komen godt avgarde
Frå kontoret og til det målet eg skulle nå
Då himlens sluser vart opna
Og det var ikkje råd å kome ifrå
Det er berre å trekke hette over haue
Og krøkje seg imot – litt på skrå
Det var ikkje vits å gå tilbake
For det var nett like langt å gå
Så neste gong eg skal ut og vandre
Skal eg heilt klart ta paraplyen med
Men då reknar eg med at regnet
Er ein anna plass enn det eg e`