Berre litt til

Nok ein gong er eg parkert
Rykk tilbake til start
Start på nytt
Gjer det på nytt
Og hugs – vær tålmodig

Tid – tålmod
Du trillar terning og får tre igjen og igjen
Du får ikkje den seksaren som gjer at du kan bli med att

Vent til ny tur
Vent litt til
Til nye runder
Til nytt håp

Du vil inn på sporet att
Men vent
Ikkje din tur endå
Men kanskje snart

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *