Eg møtte meg sjølv i døra
Eg kom verken ut eller inn
Var heller ikkje noko anna alternativ
Så veit ikkje om eg utav dette finn
Litt som å gå på ein spegel
Som du i først trudde var ei dør
Det å møte seg sjølv i heilprofil
Du kvepp – sjølv om du har sett deg før
Ein ser straks etter ei anna løysing
Å kome seg forbi
Forbi det oppsette stengsel
Som ein sjølv står midt oppi
Men berre snu seg vekk ifrå det
Når bilde sit spikra fast
At ein sjølv som står midt i vegen
Og hindrar løysing i si eiga last
Så når eg igjen møter meg sjølv i døra
Vil eg då berre snu og gå ?
Eller vil eg prøve å løyse opp i
Den floken som eg sjølv bere på.