Ho tok kaffikoppen

fredag, januar 16, 2015

Ho tok kaffikoppen min
Ho tok den siste kakebiten òg
Vi hadde hatt ein så god samtale vi to
Eg røyste meg for å gje deg ein klem då du skulle gå
Så skulle eg sitte litt til

Eg sa eg skulle vente på bussen
Men ville berre sitte litt åleine, og tenke over det vi hadde snakka om
Halde på den gode stunda
Ete den siste kakebiten
Ta den siste kaffislurken
Dvele ved den gode samtalen vi hadde

Men då eg vinka til deg
Då var ho der
Mitt i det magiske øyeblikket var ho der
Og liksom nappa det ifrå meg

Ho tok koppen
………og kakestykket
Ho tok liksom siste bit av den gode stunda
Klypte av før det var heilt slutt

Då var det berre å gå ut i mørket
Eg tok jakka godt rundt meg
Som om eg ville prøve – å ta den gode stunda – med meg ut.

14.01.15.

Legg igjen en kommentar