Sykkelturen

Med ein litt knappe sykkeldress der alt viser
både det som burde vore vekke – og det eg gjerne vil ha
stig eg ut på tunet på nylagde fliser
No skal det syklast – og det skal bli bra

Solbrillene er mørke så nesten ingen meg kjenne
jaja er no fint om nokon kjenner meg att
Har ikkje behov for å gøyme meg bort
slik eg er no – som ein silkemjuk katt

Med handskar og hjelm som er aerodynamisk
så lufta minst mogeleg motstand skal gjer
Så skrid eg til verket – med stoltheit – nesten tragisk
ser ut som eg skal til månen – men framleis er eg no her

Så tråkker eg til på dei nederste gira
og aukar no opp når farten stig
men lyt gire godt ned når eg kjem til Storstyggebakken
og då er det nokon som innpå meg sig

Ja – ei godt voksa dame tek meg atte
nesten som ho glei meg rett forbi
ho hadde verken hjelm eller sykkelbukse
Ho syklar så roleg – behageleg og blid

Ho nikka fint og smilte til meg
kanskje i medynk eller noko sånn
med eit lite skjerf og kortarma bluse
og dåsa som flagra rundt i tonn

Eg vart overrumpla, og nesten litt irriterte
og trykte tråa heilt i bånn
men eg hadde allereie mitt maks tempo
Så korleis kunne ho klare å sykle sånn

Eg slepte ho ifrå meg nokre meter
eller – det var vel ho som sykla ifrå meg
så prøvde eg på nytt eit lite støt
og no trur eg at eg fekk det betre te

Ja eg tok lite vetta innpå
men sanninga var at ho nesten stoppa opp
Men dette nådde ikkje mitt hove igjennom hjelmen
At det tvers over vegen – der var greve ei grop

Ja der fekk sykkelturen min sin ende
på alle fire ned i en pøl
og det var dåsedama som snakka til meg
då eg til slutt kom til meg sjølv

Eg kunne ikkje gå beint på fire fem dagar
eller sitte på ein vanleg stol
eg heldt meg tilbaketrekt i skuggen
og ville slett ikkje fram i sommarsol

Og så det som eg etterpå frette
og eg dernest etter kvart forsto
kvifor dåsedama smilte til meg
og heilt på grensa til at ho lo

Det var ein dings ho hadde under sete
og den gav henne ekstra fart
el-sykkel heiter det lureriet
det var det eg trudde – at det var eit kvart

Så neste gong om nokon tek meg atte
ja om eg eingong vert sykkelfør
So skal eg berre la dei dei fare
viss dei har ein slik sykkel – med elektrisk honør

12.09.14

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *