Ikkje hiv meg!

Ikkje hiv meg i ein grøftekant
Eller kast meg bak ein stein
Ikkje brenn meg i ein koparovn
Men gjer meg heller rein

Ikkje kast meg som eit tilfelle
Som ikkje kan brukast att
Sjå alt det som i meg er
at eg er ein gjenbruksskatt

Så ikkje lat meg ligge
gjeraslaus bak ein hekk
men legg meg på rette plass
slik at eg ikkje kjeme vekk

Ikkje hiv meg som eit dopapir
Eller drit i korleis det skal gå
Men bruk meg om og om igjen
Det er det eg håpar på

Tenk om du var ein eingongsting
forleten på ein øyde stad
der ingen ville finne deg att
ville du av det bli glad?

Nei du må gidde litt og bry deg
Samle meg på rette vis
Og ikkje berre syte og klage på
At det vert litt for høge pris

Ikkje kast meg i ein reine fjord
mellom tang, torsk & makrell
plukk meg heller opp
Gjer ei nytte på botn likavel

For pussar du meg skal eg skine
Og du glede av meg skal få
For eg trur eg er like god som hine
Ja det er eg rimeleg sikker på

03.10.13. – 01.06.15.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *