Ikkje prøv å ta ifrå meg trua

søndag, juni 28, 2015

Ikkje prøv å ta ifrå meg trua
Om ho ikkje liknar på di
Om eg ikkje trur slik som du gjer
Så er no dette trua mi

Eg trur også på rett og gale
Det er vel litt av same sak
denne trua er noko eg har fått
og den kjennest både sterk og svak

Så svak at eg ofte tvile
er det rett det som eg no gjer
men så sterk at også kan smile
og takke for at den er med her

Så er det bakkar som er urimeleg tunge
som eg ikkje eg veit om eg kjem opp
men på toppen er det som om eg har vunne
sjølv om du dreg meg som etter ein stropp

Og i veiskil eg ofte møter
ein tvil som er tung og streng
men så kan det seg uventa opne
som ei vakker blomeeng

Men det er det som eg har – det har eg
og det eg har fått – har eg fått
somme tid sterkt – somme tid noko smått
men aller mest så er det godt

Og av og til – så svinge det til side
ein korrigering av eigen kurs
og med han vil det alltid vere
ein evig og lang diskurs

Og kvar det til slutt vil ende
om det har eg også mi tru
noko eg veit – kan hende
men kanskje ikkje det same som du

04.02.14.

Legg igjen en kommentar