Eg tørka støv av pianoet
Tone for tone
Kvite og svarte
Lyse og mørke
Då såg eg at..
Enkelte tangentar var det meir støv på enn andre
Og nokre tonar var meir slitt enn det hine var
Heilt naturleg seier du
Slik er det alltid
På alle instrument
Nokre tangentar vert alltid brukt meir enn hine
Andre vert nesten aldri brukt
Det er sikkert rett
Men tenkjer..
Kanskje eg òg har nokre nesten ubrukte tangentar
Tonar som eg kunne brukt meir
Eg skal ikkje slutte å bruke dei som er godt brukte
Eller dei som er blitt slitt
Men korleis vil det klinge om eg brukte hine litt meir
Kanskje eg vil oppdage nye klangar
Og nye vegar
25.06.15.