Frysboksen – vår kalde og tjukke historiebok
Om kva me har baka om handla
Som me skulle etle te da eingong kom folk
Då e det godt å ha noke for handa
Den jula me bakte litt meir enn me åt opp
og jula etter da fòr heilt ifrå oss
3. jula vart da vel egentleg ikkje gløymt
men vi va `kje moa – noken tå oss
Gje te grisen– e du rysen – kan kome te nytte ein gong
tenk om naua kjem atte te landa
då e julematen god – sjølv utanom sesong
og alle nye so kjem – må òg ha noko i handa
Men me innsåg eller da seig vel om sakte innpå
at frysen ein gong måtte tømmast
det e som med gylla kvar einaste vår
ska`kje kummen sprikke – så må den ut hendast
Da øvst oppe va rimeleg fersk
da 2. og 3. laet heller ikkje gale
men lenger nede var det antydning te ein smule herskt
og eg vurderte både brekkjern og spade
For da eine va liksom limt opp i hitt
Og kaldt so eg brukte doble par votta
kan du forstå alt som er drege i hus
skulle aldri vore bore inn over gotta
Me fann 4 årskull med plommer type raud
og rabarbra frå naboen den hausten han var vekke
Og ber, du bere meg – bevart i eit trau
Der fekk eg også frå ein som tykte han var kjekke
Så va da sylte og is og sikkert gode kjøpe brød
etter salet hitt året bakaren slutta
og nokre bollar i ein pose litt lenger ned
dei skulle vel vore tekne med på hytta
Så var da pylser te lapskaus, oppattevarma og grill
kunne sikkert ha bedt heile grenda
litt fisk – salta og fersk – og så to pakkar med sild
me togg so me fekk fliser i henda
Og så endå meir ber frå det året eg sleit med eit kne
slik at eg ikkje fekk tid å sylte
etter den tid har det fått lege i fred
gøymt under 4 spann med mylse
Og kaker nok til ein juletrefest
men ikkje alle var like gode
dei eldste var merka det året før minsten vart fødd
ikkje så galne på smak – men slett ikkje ferske
Åh – svigermors løfser i ein kasse – nokså stor
kilt seg under 10 kilo med bulandstorske
den var etla til bryllaupet vi hadde i fjor
da va no møle at me ikkje klarte å finne dei atte
Då frysaren var tømt virka det gruele langt ned
omtrent som høgda under den gamle utedassen
det var vel like fult i den i ei tid med
sjølv om det lenge sidan at der var ein slik kamp om plassen
Så kjende eg brått ein uro stige i meg
ein tomme frys – eg vart fylt av otte
Så då lyt eg berre kome meg i veg
Rett på butikken – ja klart eg måtte!
00.09.14. – 16.11.15.