Oddvar Etnestad markerte sin 55 års dag med sitt 3. diktslepp. «Mellom linjene» inneheld 33 nye dikt med bredde i innhald frå handel og kosthald til mellommenneskelege relasjonar. Dikta har ofte humor i seg men med ein undertone av alvor. Eit brett spekter av kvardagslege hendingar som det er lett å kjenne seg att i.
I tillegg til smakebitar frå dei nye dikta fekk dei frammøtte høyre to spanande & dyktige artistar: Lillian Samdal frå Fjaler og Sølve Styve frå Ulsteinvik/Oslo!
Lillian Samdal sleppte i fjor albumet Fire vintrar som av kritikarane mellom anna vart omtala som «et fremragende, bredt visealbum» – DN og «en vakker debutplate» – Musikkmagasinet Hissig. Songane hennar har melodiar med røter i vise, folkemusikk og jazz – og med sorgmuntre, underfundige tekstar.
Sølve Styve gav hausten 2014 ut singlane Fly Away, Coraline og Once Again. Våren 2015 kom singelen Hidden Places. Med sine fengjande og melodiøse låtar, ikledd eit organisk lydbilete og med nære og sterke tekster om livets mange sider, har Sølve Styve ei evne til å røre sitt publikum.
Det vart ein svært triveleg kveld med mykje folk og mykje gode tilbakemeldingar. Dette var reine kulturkvelden vart set sagt på veg ut! Takk for laget og takk til alle som kom!
Dette er ei stund sidan no. No er det vinter – men det vårast snart og då er det von om nye tetak!
Først ut er i Nedre Eiker kirke 3. mars