Har du sånn heilt vanleg påskeferie

Har du sånn heilt vanleg påskeferie
Ikkje på noko langtur
Ingen store planar
Berre slappe av
og la tida kome imot

Gå ein liten tur
Endeleg få lese bøkene du fekk til jul
Eller rydde ut av boda under trappa
Og hive dei gamle ubrukelege stolane
som var så vonde å sitte i

Ikkje legge ut bilde av snø på insta
Eller ein naken navle på face
Utsikt frå ein tindetopp
eller innsikt i eit gamalt slott

Ein heilt ordinær og god påskeferie
slik som dei fleste andre

9.4.17.

1 kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *