Kan du hjelpe meg opp ?

Kan du hjelpe meg opp ?
Helsing ein gut som er langt nede

Dette stod med store bokstavar på ein liten plakat
Han sat og såg tomt rett framfor seg
Eg såg rett fram og gjekk forbi
Men orda brann seg fast i meg
Gnog seg inn i samvitet mitt
Kan du hjelpe meg opp ?
Kan eg hjelpe han opp ?
Du skal då ikkje gje til tiggarar!

Men eg klarte ikkje å legge det vekk
Klarte ikkje å parkere
Kan du hjelpe meg opp ?
Eg snudde meg og gjekk tilbake
Eg la pengar i koppen hans
Vi såg på kvarandre
Eg sa lykke til
Han smilte og sa takk

50 lappen som han fekk vil eg aldri sakne
Kva han brukte den til vil eg aldri få vite
Eg bøgde meg ned
Eg veit ikkje om dette løfta han opp
Men eg gjekk vidare med lettare steg
Ved at eg bøgde meg ned
Så løfta han meg opp.

19.02.16.
Oddvar Etnestad

Dikta vart skreve 19.02.16. etter ein tur på Karl Johan
Henta frå diktboka «Mellom linjene» som nyleg er kome ut på minedikt.no
www.minedikt.no

1 kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *