Er alt med over spurte eg

Er alt med over spurte eg
Eg fekk hjelp til å overføre innhaldat frå gamal til ny telefon
Den gamle ville ikkje meir
Ikkje ringe verken inn eller ut
Då måtte det til
Eg plar ha dei så lenge det er pip i dei
Men no – no var det over – igjen.

Alle bilda også ?
Ja sa ham og smilte – sånn heilt vanleg smil – positivt – betryggande – mannen hadde full kontroll

Eg trudde på han
Med kunnskapshol som ein tom silo – om alt innan småtekno –
hadde eg berre eit val – å lite på mannen

Men like tom som min kunnskapssilo innan tekno
Var min nye mobil tom for bilde
Tom for notat
Tom for mykje anna også
Berre tom

Og for første gong i mitt liv let eg mannen i luka tømme min gamle telefon for all info også
For å kunne sende den i retur i miljøets teikn
I staden for ned i ei skuffe ilag med tidlegare parkerte og uvirksomme telefonar

Eg klandrar ikkje mannen
Eg klandrar meg sjølv
Kunnskapslaus gauk

På heimeveg bildelaus
Haugevis med bildeglimt rasa gjennom hove
Ctrl – alt – delete – vekke alt saman
Ikkje noko angreknapp eller tabbeforsikring som kunne hjelpe meg denne gongen

Han mumla noko om ei sky
Eg såg opp – der var ingenting der heller
Heilt tomt

Berre heim og lade opp den gamle telefonen
Der eg ikkje har sletta noko
Berre for å sjå kvar historia slutta sist

Oddvar
10 – 18.01.19.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *