Poesikonsert 24. mai i Førde

onsdag, mai 22, 2019

Haarklousalen, Gamlebanken kl 20.00 og 21.30

Oddvar Etnestad, Irene Bekken og Øyvind Lyslo.
På poesikonserten i Haarklousalen vil du få oppleve både ord og tonar i ein smakfull meny presentert av Oddvar Etnestad poesi, Irene Bekken song og Øyvind Lyslo gitar.
På programmet står poesi som tek kvardagen på kornet med både humor og ettertanke, kjende sommar- og kveldsviser for song og gitar i tillegg til både eigenkomponert musikk og arrangement for klassisk gitar.
Velkomen til ein variert og stemningsfull poesikonsert i Haarklousalen!

Poesikonserten varer i ca 40 min og kan opplevast heilt gratis både kl 20.00 og 21.30!

Diktbøker kan du også få kjøpe!

Legg igjen en kommentar