Eg springe i trappa så puppane rista
Da sjeke og done som om noko var løst
Men nede av trappa er ingenting mista
Det at alt vart med ned er ei gode trøst
Ja det er nok slik – at midt oppi livet
Med arbeid og kjærring – og barn som skal ha mat
Ein hev ikkje tid til å fikse på kroppen
Vert nok for lite fysisk , ikkje det at eg er lat.
Eg putla og går litt og syklar på jobben
Så vert det ein tur i ny og ne
Men kvar einaste dag i veka te ende
Eg e ikkje mann å rekke over det
Eg kjenner meg egentleg ikkje så galen
Ser framleis føtene når eg ser ned
Og så lenge eg slepp hjelp for å flytte på kroppen
So kan da vel ikkje heller så gale stå te
Men eg ser da når kveldsstell og tannpuss skal gjerast
Og endå klarare vert det etter ein dusj
At ein eit og anna går an å reparerast
Noko kan trimmast anna trenge eit push
Da som før vart stramt med rette linjer
Har no fått ein sving og eit ørlite søkk
Men da va då eg pussa opp badet med lys og speil i vinter
At eg fekk meg litt av eit støkk
Da som før var antydning eller ein tendens
At forfall og nedsig hadde fått tak
Var brått så forstørra og stod tydeleg skrive
Ja sanninga stod føre meg som eit brak
So eg melde meg på eit slikt treningssenter
Med personleg trenar og tidsrette kle
Men då ho dama summerte i hope og trykte på enter
Var totalen så høg at da svartna og eg heldt på å stryke med
Men eg kom til meg sjølv omskrevs på ein sykkel
Med panneband, sveitteband og svinhøg musikk
Innimellom to menn og åtte pesande damer
Kom spørsmålet sigande, er dette det nye livet mitt?
Så, etter trim og nokre økter med psykologen
Litt sjukmelding, etterutdanning, sjølvrealisering og fri
Har eg vel kome inn på sporet
Med meg, kroppen min og helsa mi
Eg har verkeleg fått staka ut kursen
Innan mathald, livsstil, velære og fysikk
Med veiledning, trim og helselektyre
Eg følge det neste alt på ein prikk
Så når ein eingong teke kvelden
Da vil eg vel tru eg også gjer
Sjølv om eg er både trimma og fjelgen
Vil vel realitetane styre her
Og på minnesteinen vil det nok vere
Ei linje med eit sanningsord
Ein brukande mann, rettskaffen kan hende
Men innan trimming av kropp vart han ikkje så stor.