Å Facebooka mi!
Ko i all verda klarte me oss utan Facebook
Korleis vart me før informert om viktige ting
At naboen hadde slege graset
Og at kona til Nilsen hadde mista ein ring
For ikkje å snakke om at Birte hadde drukke kaffi
Og mora til Hans har bakt nye brød
At Tone ned i tunet hadde nylaga vafler
Og at dotra te Nilsen går og venta på å ska fø
Så får me vite at det var 4 som likte
At Per he fått seg nye sko
Mens da ve heilt dørgande taust etter
At Nilsen fortalde at han hadde vore ute på do
Men då Signe skreiv at ho hadde fått nye brille
Var det 14 kommentarar frå fjærn og nær
Og då Marte hadde skifta frå runde til ei avlange pille
Fekk ho melding frå folk ho ikkje veit kven er
Nei utan Facebook ville dagen bli lang og tom
Ikkje nokon rundt oss vi veit noko om
For på Tv ruta seier dei lite om det nære som gjeld
Og kva naboen min driv med på frå morgon til seine kveld
Og nesten kvar kveld så dukkar det opp nye vener
Da e nye og gamle og nokon som eg ikkje veit kven er
Men me skriv no og pratar ut på kvelden
Slik at eg veit kva mine ukjende venner tenkjer og gjer
Så er du ikkje innpå må du straks melde deg inn
Du anar ikkje alt viktig som vi her finn
Ja, eg er no så opp-orientert at eg nesten kunne sprikke
Nei ut av Facebook du meg aldri vil få rikke!
I like! Eller iii like, som dei seie i Molde…